Regjeringa foreslår å vidareføre CO2-fangstprosjektet til Hafslund Celsio på Klemetsrud. Statsstøtta aukar frå 4,05 milliardar kroner til 4,4 milliardar kroner. I tillegg blir frådraget for eventuelle inntekter frå sal av sertifikat for negative utslepp fjerna.
– Prosjektet er det første i sitt slag, og det er stor risiko knytt til slike prosjekt. Eit vellukka prosjekt vil ha stor demonstrasjonsverdi for CO2-fangst i avfallsforbrenning i Noreg og internasjonalt, og vil bidra til å fjerne 350 000 tonn CO2 årleg. Med dette forslaget legg me til rette for at selskapet kan fatte ei ny investeringsavgjerd, seier energiminister Terje Aasland.
Risiko
For å vurdere kor modent prosjektet er har Energidepartementet og Finansdepartementet fått ein ekstern kvalitetssikrar til å gjere ein supplerande analyse. Kvalitetssikringsrapporten konkluderer med at det er varierande grad av modenheit i prosjektet, men at prosjektet er tilstrekkeleg modent til at staten kan fatte ei avgjerd om investering no, gitt at statens bidrag kan sjåast på som eit fast beløp uavhengig av faktiske kostnader.
For å styrke insentiva for selskapet og redusere den økonomiske risikoen for staten, vil 900 millionar kroner av statsstøtta bli utbetalt som eit oppstartstilskot når anlegget er ferdigstilt. I den reviderte tilskotsavtalen blir det også presisert at staten ikkje skal bidra med ytterlegare tilskot eller risikoavlasting ved ei eventuell kostnadsoverskriding.